HAILE BIZEN ABRAHA

Haile Bizen Abraha (fødd 1966) er ein journalist og forfattar frå Eritrea.

Han kom som fribyforfattar til Kristiansand i 2011. Abraha er frå Eritrea, og jobba som journalist og redaktør for regimet, ved Informasjonsdepartementet.

Han var i ei årrekkje arrangør, og seinare leiar, av Eritrea Literary Konkurranse og aktiviteter og for bokmessa i heimlandet. Har vore leiar av Eritrea Forleggerforening, og president i PEN Eritrea. 

Haile Bizen Abraha debuterte i 2001 med diktsamlinga «Asmara beloved» og gav same år ut novellesamlinga «Werasi Tigrinja».

I 2009 gav han ut «Behind the Doors» på eige forlag. Denne diktsamlinga inneheldt fleire dikt som omhandla undertrykking og korleis ein vart trua til taushet av regimet. I kjølvatnet av utgjevinga vart han teke inn til ei rekkje avhør, og til slutt var situasjonen så truande at han ikkje hadde anna val enn å rømme frå landet.
 
Han var Fribyforfattar i Kristiansand i perioden 2011 – 2014 og er no busett med familien på Lillehammer. I løpet av si tid i Noreg har han gjeve ut ei omsetjing av «Karius og Baktus» til tigrinja (2015), publisert «Askeladden og Grunnloven», eit dikt om grunnlova og bidrege i antologiar med andre fribyforfattarar. Han har fleire prosjekt på gang, både omsetjingar av norske eventyr til tigrinija, dikt, roman og ei lettlesbok for born. 
HAILE BIZEN ABRAHA
Foto: GURI ROMTVEIT

Katalog 2018

 

Katalog 2018