GUNNAR WÆRNESS

Gunnar Wærness (fødd1971) er forfattar, gjendiktar og kabaréartist.

Wærness debuterte i 1999 med diktsamlinga Kongesplint, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Han har sidan gitt ut ei rekkje diktsamlingar, og i 2010 redigerte han antologien Verden finnes ikke på kartet i samarbeid med Pedro Carmona-Alvarez.

Wærness har gjendikta den amerikanske poeten CAConrad og litauaren Sigitas Parulskis til norsk. Saman med Henrik Skotte utgjer han kunstnarduoen Brødet og Eselet, deira siste utgjeving er Del likt (2017). Wærness har gått på både Skrivekunstakademiet i Bergen og forfatterstudiet i Bø.
 
GUNNAR WÆRNESS
Foto: Eva Lene Gilje Østensen