GJERTRUD LANGVA

Gjertrud Langva (fødd 1989) er ein norsk forfattar. 

Ho debuterte i vår med Vi spring ikkje slik vi sprang, ein roman som har fått mykje merksemd og god kritikk. 

I bøka møter vi ein bror og ei søster som ein dag vakner åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel.



 

Program 2018

GJERTRUD LANGVA

Katalog 2018

 

Katalog 2018