GISLE SELNES

Gisle Selnes (1965) er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, kor han er leiar for Forskergruppen Radikal filosofi og litteratur.
 
I forlenginga av sitt mangeårige akademiske verke har Selnes gjort seg bemerka som ein svært aktiv skribent i tallause norske aviser og publikasjonar. Han markerer seg som debattant i den norske litteratur- og kulturdebatten, mellom anna kring Bob Dylan, Edward Snowden-saka og den russiske revolusjonen. Selnes er forfattar av bøkene Det fjerde kontinentet: Essays om America og andre fremmede fenomener (2010), og Den store sangen: Kapitler av en bok om Bob Dylan (2016).
 
I tillegg har Selnes vore ein aktiv initiativtakar for psykoanalytisk interesse og fellesskap i Bergen. Saman med Magnus Michelsen har han vore ansvarleg for den psykoanalytiske lesegruppa PAS2, og han har stått bak konferansa The Renaissance of Psychoanalysis, eit samarbeid mellom forskargruppa og Litteraturhuset i Bergen hausten 2017.
 
GISLE SELNES

Katalog 2017

 

Katalog 2017