GEIR GULLIKSEN

Geir Gulliksen (fødd 1963) er ein norsk forfattar og forlagsredaktør. Han er fødd på Kongsberg og busett i Oslo.

Han er i dag ein av Noregs mest kritikarroste forfattarar, og har gjort seg sterkt gjeldande i den norske litteraturverda, både som forfattar og som redaktør. 

Gulliksen gjekk på Forfattarstudiet i Bø i 1985, og debuterte i 1986 med romanen Mørkets munn.  Han har sidan skrive dikt, essay, romanar og barnebøker, m.a. Poetokrati (essay 2003) og In vivo (roman 2004), Se på meg nå (lyrikk 2005),  Et ansikt som minner om norsk politikk (lyrikk 2008). Dei tre romanane Tjuendedagen (2009), Forenkling (2010) og Bøyde knær (2012) utgjer til saman ein trilogi om kjærleik, makt og kjønnsroller. Hausten 2015 kom romanen "Historie om et ekteskap", som han vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for.

Han har og skrive for born og unge, m.a. "Kanskje, kanskje ikke" (fortelling for barn 2003), Hannu, Hannu (ungdomsroman 2006). Iben og forvandlingen (2012) er hans siste barnebok, illustrert av Anna Fiske. Boka vart nominert til Brageprisen.

I 2013 gav han ut "Kan vi gjøre det igjen", ei nesten komplett samling av hans sakprosa. Geir Gulliksen er tildelt Mads Wiel Nygaards legat 2008 for sitt forfattarskap. For sin dramadebut "En kropp" vart Geir Gulliksen nominert til Ibsenprisen i 2013. Han har fått Aschehougprisen for sitt samla forfattarskap.

Han har arbeidd som forlagsredaktør i Tiden Norsk Forlag. Frå 2000 er han sjefredaktør i Oktober forlag. Som forlagsredaktør har han fått stor merksemd for å drive fram ein ny generasjon norske forfattarar på 1990-talet, m.a. Karl Ove Knausgård, Tore Renberg og Lars Ramslie.

Program 2018

Tidligere program

GEIR GULLIKSEN
Foto: Siren Lauvland

Katalog 2018

 

Katalog 2018