GABRIEL FLIFLET

Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med lang fartstid innan ei rekkje ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011.

Gabriel Fliflet har trekkspel som hovudinstrument, speler piano og syng, og har lang fartstid innan ei rekkje ulike former for folkemusikk. Han vart Årets folkemusikar i 2011. Fliflet har komponert ei rekkje tingingsverk og samarbeidd med ei rekkje av dei fremste forfatterane i landet, m.a. Jon Fosse, Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Frode Grytten.

I løpet av sitt musikarliv har han dyrka norsk folkemusikk saman med ei lang rekkje av landets beste utøvarar, som Berit Opheim, Gjermund Larsen, Odd Nordstoga, Kirsten Bråten Berg, Susanne Lundeng og Sigrid Moldestad.

I duoen Fliflet/Hamre, har han saman med trommeslagar Ole Hamre sidan 1991 leika seg med m.a. rytmikk og melodiar frå Balkan. Fliflet har òg spelt balkanmusikk med den danske blåseguruen Peter Bastian.

Gabriel Fliflet har hatt stor glede av samarbeid med musikarar frå andre ståstader, som bluesgitarist Knut Reiersrud, jazztrompetistane Arve Henriksen og Per Jørgensen, Jan Eggum, Bergen Filharmoniske Orkester og KORK.

I den utadvendte, bergenske kvartetten Novgorod dyrkar han finsk humppa, jiddisk tango og annan etnisk populærmusikk frå østersjøområdet frå 1930- 40-, 50- og 60-tallet!

Du kan lese mer om Gabriel Fliflet her

Program 2017

GABRIEL FLIFLET

Katalog 2017

 

Katalog 2017