FLU HARTBERG

Flu Hartberg er ein norsk illustratør og teikneserieskapar, fødd i 1979 i Oslo.

Han har drive på med teikneseriar i ei årrekkje og er ein sentral skikkelse i teikneseriemiljøet i Noreg, med utgjevingar som Hygiene, English Conversation, Odd og Horgan, og Fagprat.

Fagprat går dagleg i Dagbladet og er ein teikneserie for feinschmeckere. Merkelege typer møtast og snakkar ut om alt mellom himmel og jord. Det er ingen faste gjennomgangsfigurar i Fagprat, men nye situasjonar og nye karakterar kvar gong. Stripene er samla i fleire eigne bøker. Første Fagprat-samling vart i 2011 tildelt SPROING-prisen for beste samlebok. I den andre samlinga med Fagprat-striper er det heile pakka inn i eit lekkert og tankevekkjande New Age-design, med kategoriar og fargekodar eitkvart åndsmenneske kan kjenna seg igjen i.

Teikneseriane hans har vore publisert både i eigne hefte og i ulike serieblader. Han har illustrert mange barnebøker og har m.a. laga biletromanen Muren saman med Markus Midré. Han bidrog og til teikneserieantologien Smuss i 2014.

I haust er han aktuell med to bøker: myldreboka Borte vekk i verdensrommet (i same stil som Borte vekk i byen frå 2011), og ein ny teikeserieroman for vaksne og ungdom: Moderator (No Comprendo Press): ei postapokalyptisk forteljing om heltemot, politikk, religion, teknologi og Bjarne Melgaard. Vi møter Jarle, ein heilt vanleg høgrevridd nettdebattant, hellig overbevist om at landet vårt er i ferd med å gå til helvete. Ein dag får han rett.

Flu Hartberg held teikneseriekurs for born og ungdom, og var ein av initiativtakarane til Oslo Comics Expo.
 

Tidligere program

FLU HARTBERG
Foto: André Løyning

Katalog 2018

 

Katalog 2018