EVA RØYRANE

Eva Røyrane (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad på ein gard med raud låve.

Som reportasje- og kulturjournalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har jobba ved NRK sine distriktskontor i Sogn og Fjordane, Oppland og Troms, har vore journalist i Nationen og Stavanger Aftenblad, bygdebladredaktør i Ryfylke og informasjonsmedarbeidar i Norges Bygdeungdomslag.

Røyrane har tidlegare gjeve ut fleire bøker med lokal- og arkitekturhistorie som tema.

Fabrikkbyane er ein vegvisar til industriarven. Fabrikkbyane Ålvik, Tyssedal og Odda ber framleis preg av å vera nøye planlagt av landets beste arkitektar tidleg på 1900-talet. Kva skjer når fabrikkbyen blir kulturarv? Korleis står det til med industriarkitekturen og forvaltinga av bygningsmiljøet etter den første norske storindustrien?

I 2014 gav Eva Røyrane ut boka Norges låver saman med fotograf Oddleiv Apneseth.

Tidligere program

EVA RØYRANE
Foto: Jan M. Lillebø

Katalog 2018

 

Katalog 2018