ESPEN RASMUSSEN

Espen Rasmussen (fødd 1976) er ein norsk fotograf, busett på Nesodden.

Rasmussen jobbar som fotosjef for laurdagsmagasinet i VG. Han er óg redaktør for Norwegian Journal of Photography.

Han er ein av landets mest prislønna fotografar, og har vunne Årets bilde to gonger, i 2003 og i 2015.
I to år på rad er han kåra til Årets fotojournalist, og er hittil den einaste som har fått prisen sidan den vart oppretta i 2014. Han vart kåra til verdas nest beste reportasjefotograf i Picture of the Year International i 2015.

Samstundes jobbar han med eigne fotoprosjekt, der han særleg fokuserer på humanitære tema og klimautfordringar. Han har dei siste 15 åra fotografert kriser rundt om i verda. Han har m.a. jobba for Leger uten grenser og har dokumentert glømte kriser, og konfliktområder etter at krigar er over og befolkninga vender heim til eit land i ruiner. 

Les meir og sjå bilete på hans heimeside:
http://www.espenrasmussen.com/
ESPEN RASMUSSEN
Foto: Kathrine Geard

Katalog 2018

 

Katalog 2018