ERNA OSLAND

Erna Osland (f. 1951) er lærar og forfattar, kjend for sine barne-og ungdomsbøker. Osland er frå Høyanger, og er no busett i Byrknesøy i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Osland debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.

Ho har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, m.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Hittil siste utgjeving er Nasevis, (illustrert av Elisabeth Moseng), 2013

Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).

Tidligere program

ERNA OSLAND

Katalog 2018

 

Katalog 2018