CECILIE ENGER

Cecilie Enger ( fødd 1963) er journalist og forfattar.

Enger debuterte i 1994 med romanen «Nødvendigheten», og har sidan gjeve ut ei rekkje kritikarroste romanar.

Ho fekk Amalie-Skram prisen i 2008 og fekk sitt store gjennombrot med romanen «Mors gaver» i 2013. For den fekk ho Bokhandlerprisen og vart nominert til Kritikerprisen. Cecilie Enger arbeider òg som featurejournalist i Magasinet i Dagens Næringsliv.

Årets roman, «Pust for meg», er ei fortelling om tre generasjonar kvinner, om det sårbare ved å vere avhengig av sine næraste og om å miste kontroll over eige liv. Kan ein tilgje seg sjølv for smerta ein påfører andre?

«Pust for meg» tek både i tematikk og tilnærming opp tråden frå den førre romanen til Enger. I «Mors gaver» (2013) vart gåvelister frå eit langt liv utgangspunkt både for å seie noko om minne, aldringsprosessen til ei demenssjuk mor og den meir sosialantropologiske funksjonen ved det å gje gåver. I årets bok deler forfattaren gode observasjonar av korleis kropp og psyke endrar seg når vi vert gamle. Enger viser eit perspektiv som vi ikkje ser så veldig ofte: ei 60 år gamal kvinne sitt syn på seg sjølv i møte med både ei aldrande mor og ei ung dotter.

Program 2017

CECILIE ENGER
Foto: Linda Næsfeldt

Katalog 2017

 

Katalog 2017