CATHRINE STRØM

Cathrine Strøm (1978) er ein norsk litteraturvitar og kjem frå Lillehammer.
 
Strøm har i ei årrekke markert seg som litteraturarbeidar og formidlar, både på Bergen Offentlige Bibliotek, ved Bjørnsonfestivalen i Molde, og som programansvarleg på Deichmanske Bibliotek i Oslo. I 2017 vart ho tilsett som koordinator på Litteraturhus Lillehammer og formidlar på Lillehammer bibliotek. Ho har vore skribent for mellom andre Klassekampen Bokmagasinet og Dag og Tid.
 
Strøm driv også forlaget Transfer, som har omsett og gitt ut Marguerite Duras på norsk: bøkene Å skrive (2014) og Det er alt (2017) har gjort stor suksess blant norske lesarar.
 

Program 2018

CATHRINE STRØM

Katalog 2018

 

Katalog 2018