CATHRINE GRØNDAHL

Cathrine Grøndahl (1969) er ein norsk lyrikar og jurist. Ho har gitt ut seks diktsamlingar og var bistandsadvokat i 22. juli-saka.

Cathrine Grøndahl debuterte i 1994 med diktsamlinga Riv ruskende rytmer , som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Ho har seinare utgitt 6 diktsamlingar, mellom andre I klem mellom natt og dag (1996), Det har ingenting med kjærlighet å gjøre (1998) og Lovsang (2003). I 2009 kom samlinga Jeg satte mitt håp til verden, der det å få og ha barn blir gjort til gjenstand for poetisk utforsking. Åtte prinsesser i magen (2009, illustrert av Rune J. Andersson) er hennar første diktbok for barn.

Grøndahl har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo og arbeider i dag som advokat i Advokatfirmaet Hestenes og Dramer & Co. Ho har og studert filosofi.
Hun har jobba som forlagskonsulent for Gyldendal. I 2000 var ho redaktør for kulturleksikonet Verden i dag. En bruksanvisning.

 

Tidligere program

CATHRINE GRØNDAHL

Katalog 2018

 

Katalog 2018