BRIT BILDØEN

Bildøen (f. 1962) er forfattar, kritikar, omsetjar og forlagskonsulent. Ho er fødd i Ålesund, og oppvaksen i Aukra i Møre og Romsdal. No bur ho i Oslo. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan  gitt ut ei rekkje barnebøker, gjendiktingar og romanar.

Brit har vore medlem av Den norske forfatterforeningens litterære Råd, og var i 2001 festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta.

For Landfastlykke (2001) fekk Brit Bildøen Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet. I 2009 kom essaysamlinga Litterær salong ut. Her presenterer Bildøen ti forfattarar som har vore viktige for henne. Dette er forfattarskap som ho meiner fortener ein større lesarskare. Boka inneheld lesingar av Gertrude Stein, Carol Shields, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Joan Lindsay, Mercè Rodoreda, Adrienne Rich, Amalie Skram, Doris Lessing og Elfriede Jelinek.

I 2011 gav ho ut romanan Adam Hjorths vei som stadfesta hennar posisjon som ein av dei fremste norske forfattarane, og i haust er ho aktuell med ny roman: Sju dagar i august. 
BRIT BILDØEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018