BJØRN INGVALDSEN

Bjørn Ingvaldsen (fødd 1962 i Odda) er forfatter. Han har skrive både krim og noveller for vaksne, men er mest kjend som barne- og ungdomsforfattar med stor produksjon bak seg.

Ingvaldsen debuterte i 1995 med novellesamlinga Landskap med gul Lada. I 1999 kom Jada, jada, jada, den første boka i serien om Elias og hans umulige bestemor. I 2000 ga han ut Jeg er berømt, om Espen Herbert, som han seinare har skrive mange bøker om.  

Han fekk i 1998 Rogaland fylkes litteraturstipend, i 2004 mottok han Arks barnebokpris for boka Nei vel, da og i 2011 Rasmus Løland-stipendet.
Ingvaldsen er representert i ei rekke antologier. Hans bøker er oversatt til bl.a. tysk, italiensk og fransk.

I 2011 vart Ingvaldsen vald som leiar av organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere. 

Hans siste utgjeving er Far din, ein roman for born og unge. Her skriv han om ein gut sine opplevingar av at faren er ein tjuv. Kva skal han gjere, når alle hatar faren hans fordi han stel. Alle hatar han, fordi han har ein far som er tjuv. Skal han slåss? Skal han gøyme seg? Skal han flykte? For han kan jo ikkje nekte - Faren er ein tjuv.

 
BJØRN INGVALDSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018