BIRGIT ALM

Birgit Alm (fødd 1967) er litteraturvitar og forfattar. Ho er busett i Oslo.

Alm debuterte i 2016 med romanen Endelig skal vi le, ein rapport frå eit lite skildra samfunnslag om ei fattig åleinemor blant velståande familiar på Nordstrand.

Elinor Nor er åleinemor og student, og kvar dag er ein bitter kamp. For å få pengane til å strekkje til. For å vere ei god mor for ein unge som veks opp i eit nabolag der alle har Playstation, nye klede og alt dei måtte trenge. Alm skriv om fattigdomsspiralens paradoks: stoltheita ho kjempar så hardt for å oppretthalde, gjer det umogleg å svelge skamma ved å be om hjelp.
 
 

Program 2017

BIRGIT ALM
Foto: Paal Audestad

Katalog 2017

 

Katalog 2017