BERNHARD ELLEFSEN

Bernhard Ellefsen (fødd 1984) er ein norsk litteraturkritikar og forfattar. Han er oppvaksen i Fredrikstad, og har bakgrunn frå Universitetet i Bergen. Ellefsen har i ei årrekke utmerka seg som kritikar i Morgenbladet, og er også bokansvarlig i same avis. Han vart tildelt Kritikerlaget sin pris for «Årets litteraturkritiker» i 2014, og fekk Arne Hestenes’ journalistpris i 2016.

Ellefsen utga i 2018 boka «Imot døden. Om fortvilelsens litterære fellesskap», eit langessay som gjennom ulike litterære og kunstnariske verk nærmar seg spørsmålet om døden og korleis å akseptere den vanskelege innsikta om at vi alle skal miste livet vårt. Dette er første gong Ellefsen vitjar Litteratursymposiet.
 
BERNHARD ELLEFSEN
Foto: Anna-Julia Granberg

Katalog 2018

 

Katalog 2018