ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

ASLE LAUVLAND PETTERSEN

Asle Lauvland Pettersen (fødd  1978) er ein norsk kunstnar, og scenograf.  Han er utdanna frå Kunstakademiet i Oslo, og Statens Teaterskole i København.

Han har brei erfaring frå kunst- og teaterscena og i arbeid med kunstprosjekt i offentlege rom. Lauvland Pettersen er knytt til non-profitt prosjektrommet Green Is Gold Studios i København
Pettersen arbeidar  med konseptuelle installasjonar. Video, objekt og framføringar vert kombinert med nesten dogmatiske idear. Eksistensialisme og økologisk filosofi er ofte viktige element in Pettersen sitt arbeid. Han har produsert ,regissert og skapt scenedesign for mange teater- og danseproduksjonar. Han er busett i Nordnorge og København.

I lag med broren har Pettersen i fleire år vore arrangør av den internasjonale lysfesten på Melbu. Eit fortlatt industriområde med sildoljetankar på Neptun har blitt iscenesett som kunst og sceniske installasjonar
I Odda skal han lage lyskunst og lyssetje objekt i det offentlege rom. Odda kommune har fått midlar frå KOM; Kunstordning for kommunale og fylkeskommunale anlegg, til lyssetting på Smelteverkstomta under Litteratursymposiet. Koro, kunst i offentlige rom, har løyvd midlar til prosjekt som bidreg til stad- og byutvikling, og som utforskar relasjonen mellom kunst og bibliotek.
Odda kommune ved Byantikvaren har utarbeidd ein lyssettingsplan og planlegg lyskunstprosjektet. Kunster er Asle Lauvland Pettersen, kurator er Marit Justine Haugen i samarbeid med byantikvar Jorunn Monrad.

Les meir om Pettersen: http://www.aslelauvlandpettersen.no/