ARNFINN KOLERUD

Arnfinn Kolerud (fødd 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar.

Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996. Han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris.

I 2017 kom Kolerud med årets mest morosame barne og ungdomsbok, Snillionen, og for den fekk han Kulturdepartementets barne og ungdomslitteraturpris.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane. 
 
ARNFINN KOLERUD
Foto: Kristin Oldeide

Katalog 2017

 

Katalog 2017