ARILD REIN

Arild Rein (fødd 1960) er ein norsk forfattar, fødd og busett i Stavanger.

Rein debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som elles består av Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004). Stavangertriologien er eit portrett av Stavanger og Stavangers underverd frå 1970-åra til 2004, perioden oljeindustrien forandra byen.

Han er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil, og sine samfunnskritiske romanar frå Stavanger si kriminelle underverd. Med årets roman St. Olav-komplekset dukker han igjen ned i av Stavangers underverd.

Rein har tidlegare gitt ut lesestykket Vintercamping (2007) og den politiske framtidssatiren Den evige fred (2010).

Songar frå mitt territorium kom i 2013. Med ei Moleskine notatbok på innerlomma og forfattarar som Jack Keruoac, Catullus og Charles Baudelaire som litterære følgjesvenner har Arild Rein skapt det han i undertittelen har definert som «365 tekstar om kjærleik, vennskap, hat og sorg.» Gjennom eit år skreiv Arild Rein ein tekst kvar dag. Desse 365 stillbileta frå eit menneskes liv er tett knytt til verda omkring og blir til bilete på vår tid og våre liv.

Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 vart han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.
 
 

Tidligere program

ARILD REIN

Katalog 2018

 

Katalog 2018