ANNE HOLT

Anne Holt (fødd 1958 i Larvik) er ein norsk forfattar, jurist og politikar.

Holt er cand.jur. frå Universitetet i Bergen og har vore både politifullmektig ved Oslo politikammer, programsekretær i NRK og jurist med eigen advokatpraksis. I 1996–97 var ho justisminister i Thorbjørn Jaglands regjering. Anne Holt er likevel mest kjent for sine kriminalromanar.

Ho debuterte i 1993 med Blind gudinne, den første boka i serien om politietterforskar Hanne Wilhelmsen. Til no har det kome sju bøker i kriminalserien. Ho er ein av landets mestselgande forfattarar. Bøkene er omsett til ei rekke språk. Dei to første bøkene vart filmatiserte. Holt har fått både Rivertonprisen og Bokhandlerprisen og vart i 2001 vald til president i Rivertonklubben.

Som forfattar beveger Anne Holt seg ikkje bare innen krim-sjangeren. 1997 kom Mea Culpa (Min skyld), ein roman om eit krevjande kjærleiksforhold mellom to kvinner. Ho har og skrive ei fotballbok og ei kriminalbok for barn.

Holt bruker kriminalromanens form til å retta lyset mot kritikkverdige og tabubelagte forhold i samfunnet. Kriminalromanen Løvens gap (1997) handla om det toppolitiske livet og prisen ein må betale for å vera i offentlighetens søkelys. Ho skriv om pressens makt og maktmisbruk, om valdtektsoffer sin doble byrde av at saka ikkje blir priotiert, og om skakkjørte barnehjemsbarn.

I 2010 gav Anne og broren Even ut thrilleren Flimmer og i år er dei klare med oppfølgaren: Sudden death.  
 

Tidligere program

ANNE HOLT

Katalog 2018

 

Katalog 2018