ANNA FISKE

Anna Fiske (fødd 1964) er forfattar, illustratør og teikneserieskapar. Fiske er opphavleg svensk, men har budd i Noreg sidan 1994.

Anna Fiske står bak ei rekkje biletbøker, både med eigne tekstar, og som illustratør for andre forfattarar og oppdragsgjevarar.

Humor og leik er viktige element i Fiskes arbeid. Ho bevegar seg tett på barns måte å undre seg på: i Hallo-bøkenes myldreperspektiv og i assosiasjonsleik i boka Hæ?. I bøkene som utgjer Følelsesbiblioteket går ho rett på sak og seier mykje om vanskelege kjensler på ein enkel måte – både i ord og strek.

Leikne, særeigne strekteikningar og kreativ nyskaping innan barnebokfeltet har gitt ho fleire høgtthengande prisar og utmerkingar.

Fiske er og ein anerkjend teikneserieskapar. Albuma Forvandlingen (1999), Snakke med dyr (2002) og Danse på teppet (2004), alle gitt ut på No Comprendo Press, er for dei vaksne lesarane. Frå 2005 til 2009 gav ho ut sitt eige teikneserieblad, Rabbel, på same forlag. Fiske fekk Kulturdepartementets teikneseriepris i 2005.

Fiske er knytt til det Oslo-baserte arbeidsfellesskapet Illustratørene.
 

Tidligere program

ANNA FISKE
Foto: June Witzoe

Katalog 2018

 

Katalog 2018