ANE DAHL TORP

Ane Dahl Torp har utdanninga si frå Statens Teaterhøgskole i åra 1996–1999. I 2002 vart ho tilsett ved Den norske teateret i Oslo. Med roller i filmar som Gymnaslærer Pedersen, Uro og Bølgen, er ho ei av dei mest kjende skodespelarane i landet - og ho mottok Folkets filmpris i 2004. Dei siste åra har ho vore særs aktiv på scena ved ulike teater, men det er i rolla som den trønderstalande fotballtrenaren i TV-serien Heimebane dei fleste kjenner ho. For rolla som Helena mottok ho i 2018 Gullruten som beste kvinnelege skodespelar.
Det er første gang Torp vitjar Symposiet. 

 

Program 2019

ANE DAHL TORP
Foto: Renate Torseth