ANDERS TOTLAND

Anders Totland (1986) er ein forfattar frå Kvinnherad.

Han debuterte hausten 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. Våren 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen. Boka hausta svært gode kritikkar, og er også omsett til dansk. For denne fekk han nyleg Nynorsk Barnelitteraturpris. 

I tillegg har han bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kom ut hausten 2016. Det er den femte og siste boka i Skald forlags sin serie seri av nye, nynorske forteljingar for born, gjennomillusertrert av Gunvor Rasmussen.

Hausten 2017 er Totland aktuell med si andre ungdomsbok på Gyldendal, og debuterer på same tid som kokebokforfattar med boka Digg.

Totland er utdanna kokk, vikarierer som organist og jobbar til dagleg som journalist i lokalavisa Sunnhordland. Elles skriv han om matauk på bloggen Frå hage til mage, og held med ujamne mellomrom føredrag om same emnet.

Program 2017

ANDERS TOTLAND
Foto: Per Egil Larsen

Katalog 2017

 

Katalog 2017