AMAL ADEN

 Amal Aden (fødd 1983) er eit pseudonym for ein kvinneleg norsk-somalisk forfattar og foredragshaldar, som skriv og snakkar om likestilling, integrering, mobbing, meistring, ytringsfridom og det fleirkulturelle Noreg.

Aden er fødd i Somalia og kom til Noreg i 1996. Sidan 2003 har ho vore fast spaltist i vekeavisa Dag og Tid. Ho skriv også for Dagbladet. Aden ga ut si første bok, Se oss – bekymringsmelding fra en ung norsksomalisk kvinne, hausten 2008. Sidan har ho gitt ut ei rekkje bøker om integrering og flyktningar, som Det skal merkes at de gråter og Jacayl er kjærlighet på Somali.

Amal Aden har blitt tildelt ei rekkje prisar, blant anna Zola-prisen for sitt arbeid med norsk innvandrings- og integreringspolitikk.
 
AMAL ADEN
Foto: Studio Vest AS

Katalog 2018

 

Katalog 2018