ALEXANDER LØKEN

Alexander Løken (fødd i 1982) vaks opp og er busett i Asker. Han er utdanna art director frå Westerdals, og har jobba som teikneserieskapar, skribent og frilans illustratør.

Løken debuterte i 2014 med barneboka Trollskallen, den første boka i ein fantasy-trilogi med handling frå Østerdalen i 1887. Boka er inspirert av skapningar og historier frå nordisk mytologi. Med humor og høgt tempo tek den 15 år gamle hovudpersonen, barneheimsguten og løpegutt Edvard Frost, lesaren med inn i skogane og ut på havet, i møte med troll og hulder.

Trollskallen vart teke imot med både kritikarros og prisnominasjonar. Den vart nominert til Ark sin barnebokpris, Kulturdepartementet sin Debutantpris og Bokslukerprisen til Foreningen !les.

Ormeegget (2015) og Ulvehammeren (2016) er dei neste to, og siste, bøkene i trilogien, som for ein stor del har handlinga si frå Kristiania på 1880-tallet.

Tidligere program

ALEXANDER LØKEN
Foto: Cappelen damm

Katalog 2018

 

Katalog 2018