ØYVIND KVALNES

Øyvind Kvalnes (fødd 1963) er ein norsk forfattar og filosof som har spesialisert seg på moralfilosofi. Kvalnes forsvarte doktorgrada i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1998 med avhandlinga Living with Moral Luck.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for ledelse og organisasjon, Handelshøyskolen BI. I perioden 2000 til 2009 var han dagleg leiar for Humanistisk Akademi i Oslo. Sidan 1999 har han holde foredrag, seminar og kurs for norske organisasjonar innen emne som etikk og verdiar, kommunikasjon og leiing. I perioden 1995-1998 var han stipendiat ved Etikkprogrammet, Norges Forskningsråd. I 1999 var han kommunikasjonsrådgjevar i Geelmuyden.Kiese. Kvalnes har ei markant interesse for fotball, noko som har vist igjen i hans arbeid som filosof.

Han gav i 2006 ut boka Se gorillaen! – etikk for arbeidslivet, og i 2007 kom boka Målvaktfilosofi.

I år er han høgaktuell på symposiet med boka HJELP. Hvordan kan vi gjøre en forskjell for andre?
I boka undersøkjer filosofen kva som motiverer menneske til å hjelpe kvarandre. Hjelper vi fordi vi bryr oss om korleis andre har det, eller er det forbi vi vil skaffa oss godt samvit? For å finne ut av dette fortell Kvalnes om hendingar kor han sjølv har opplevd hjelpsomheit på nært hald. Han har snakka med hjelpsomme menneske, og oppsøkt filosofi og forsking for å virvle opp idear til korleis vi kan skapa klokare og meir målretta hjelp privat, globalt og i arbeidslivet.

Program 2017

Tidligere program

ØYVIND KVALNES

Katalog 2017

 

Katalog 2017