LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

LARS OVE SELJESTAD - OPPLESNING


Les frå sin nye roman «Ta hand om deg» i verdas minste litteraturhus.
Lars Ove Seljestad er aktuell med ny roman: «Ta hand om deg». Det er ein liten roman og ein stor tekst om dei viktige tinga.

Vi møter ein romanforfattar som strevar med liv og skriving. Som ikkje får det til. I eit fortvila forsøk på å blåsa nytt liv i tekst og tilvære, drar han attende til byen han levde i før han blei forfattar. På vandring i byen som ein gong var hans, blir han nådelaust konfrontert med det forgjengelege. Med tida som har gått frå han. Men han finn også skinande minne om det som gjer det heile verdt.

TA HAND OM DEG er ein roman om å skriva og å leva. Om strevet med å skriva. Om gleda og behovet for å skriva. Om korleis skriving og liv flettar seg inn i kvarandre. Det handlar om familie og vener. Om å høyra til. Om å kjenna seg heimlaus og å prøva å skriva seg heim i teksten. Om å vera forfattar. Om å bli far for første gong. Om å finna vener og mista vener. Og om å vera vestlending på austlandet.

I romanen TA HAND OM DEG dukkar også forfattarvener som Lars Mytting og Leif Østli opp. Ein sentral plass i teksten får venskapen hans med forfattaren Jan Roar Leikvoll. I forfattarlivet som starta på Skrivekunstakademiet i Bergen hausten 2002, blei Jan Roar Seljestad sin første nære ven. Og då han gjekk bort sommaren 2014, døydde også ein sentral del av livet hans som forfattar. Skrivinga gjekk i stå. Stoppa opp. Floka seg til. Mista framdrift.

Først då han tok mot til seg og byrja å skriva om tapet av Jan Roar, losna teksten igjen. Han skreiv seg gjennom tapet og inn i gleda over å finna ein ny ven, om tull og tøys og alvorlege, eviglange samtaler.

Og han ein dag snudde seg og såg på det han hadde gjort, såg han at han hadde skrive seg fram til ein ny roman. Ein roman som starta i sorg og tap, men som gjennom hardt skrivearbeid førte fram til glede og takksemd over det skrivinga og livet gir.
 
< Tilbake