lothe dynamitt foto eivind senneset
    Fjorden Cowboys



    Du kødde ikkje med Hardingar!

    Joar og Lothepus vaks opp i Sørfjorden i Hardanger (på Måge og Rogdo, for dei som er lokalkjende).  No jobbar dei saman i anleggsbransjen, der kvardagen består av gravemaskiner, boreriggar og dynamitt, diesel, stål og svette. Dei arbeider beinhardt for å kunne leve endå hardare.

    Leif Einar Lothe og Joar Førde er utan tvil Hardangers mest profilerte kompisar for tida. Dokumentaren Fjorden Cowboys fekk raskt mange sjåarar, og gjorde dei over natta til realitystjerner med mange fans, omtale på kjendis.no og ein heil del nye facebook-venner.

    I fleire år hadde søskenbarnet til Joar, Hildegunn, og kamerateam hengt med Lothepus og Joar på tokt. Det heile vart klipt ned til 10 episodar med halloi, og vist på Tv2 Zebra. Folket elska det, serien vart nominert til Gullruten i kategorien «beste dokusåpe», og ikkje bare det: TV 2 vil ha to nye sesongar med fjordafaenskap.

    Så gutta jobbar og festar vidare, ofte med kamerateam på hjul og eit heilt fantefølge i båten. Lothepus har turnert Vestlandet rundt som spelemann i sommar, og skal sjølvsagt synga og spela på Litteratursymposiet. Men først må ta ein prat med desse fjordingane og høyre ka faen det går i.

    Lothepus og Joar i samtale med Kjersti Mjør + Konsert Lothepus

    ONSDAG 8. OKTOBER KL. 21.30

    < Tilbake

    Katalog 2016

     

    Katalog 2016