anna kleiva- foto yngvild gotaas
    Årets deltakarar



    Kjende og kjære, store og bestseljande, debutantar og ukjende, og sjølvsagt nokre gjengangarar. Her er nokre av forfattarane som kjem til Litteratursymposiet i Odda i haust for å belyse årets tema HEIM. 

    Vi vil sjå både innover, til heimane våre, barn, utopier og samlivsformer, og vi vil rette blikket utover, og se på Norge i verden - i dag. Kva med dei som ikkje har ein heim? Har vi plass til fleire?

    Det er ei stor glede å melde at Tove Nilsen og Jan Kjærstad kjem til Odda i haust. Ingen av dei har vore her før, men dei seier dei gler seg. Radarparet Johan Harstad og John Erik Riley kjem også til Odda for første gang, og skal bokprate med kvarandre.
     
    Kjersti Wøien Haaland frå Høyanger skildra i sin første roman, «Dommedøgn», industribygda Berg, der fabrikken er nedlagd, framtida usikker og naturen truande. Det kjendest skummelt nær oss i Odda, då naturkreftene ramma som verst seinhausten 2014, så vi inviterte ho til Odda.

    Andre nye symposiegjester vi gler oss til å bli kjend med er mellom andre Bjarte Breiteig, som har skrive den rystande romanen «Mine fem år som far», den talentfulle Simon Stranger, matspaltist og økoforkjempar Siri Helle, vinnar av årets Bjørnsonpris poeten Anna Kleiva, kjønnsforskar, forfattar og tidlegare performancekunstnar Wencke Mühleisen, og Maria Navarro Skaranger, som brakdebuterte med «Alle utlendinger har lukka gardiner», på kebabnorsk.  

    Birgitte Lange har skrive sakprosaboka «Hjemmestedet. Lengselen etter å komme hjem» , og  skal vere med og belyse årets tema HEIM. Inga Marte Thorkildsen har skrive eit kampskrift for barn sine rettar: «Du tror det ikkje før du ser det», og skal snakke om dei som ikkje er trygge heime.

    Gjennom desse ti åra har det blitt ein del gjengangarar på Litteratursymposiet. Så òg i år: Erlend Loe kjem med oppfølgaren til Doppler, Ruth Lillegraven tek med seg Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen og skal framføre forestillinga Soga om Seselja i Ullensvang kyrkje. Inger Bråtveit frå Suldal kjem med ny roman, «Alice A4», og Anne Oterholm, som nyleg gjekk av som styreleiar for Sentralbadet Litteraturhus i Odda, kjem med ny roman – seks år etter den førre romanen hennar kom ut: «Liljekonvallpiken». Andre gjester er Espen Stueland, Pål Norheim, Vigdis Hjorth og Olaug Nilssen. 

    Av dei lokale heltane er det ei stor glede å presentere tyssedølen Paal Maage Elstad, som i år debuterer med Vigmostad & Bjørke sin aller første diktsatsing: Kun en liten del av universet. Tidlegare festivalleiar Marit Eikemo kjem med ny roman, Alt inkludert, eit skråblikk på dagens Norge. Andre som kjem HEIM til symposiet er Frode Grytten, Lars Ove Seljestad, Hilde Danielsen, Svein Ivar Angell og Knut Olav Åmås.  
     Barn og unge i Odda og Ullensvang får besøk av spennande forfattarar som forhåpentlegvis triggar leselysta: Alexander Løken, Roald Kaldestad, Maria Navarro Skaranger, Simon Stranger, Lars Mæhle og Anna Folkestad.

    Dator for Litteratursymposiet i Odda 2015 er 7. – 11. oktober. I år feirar symposiet 10 år. På symposiets nettsider kan ein lesa meir om dei som kjem og kva som skjer.

    Les meir om dei ulike forfattarane i menyen til venstre på framsida: HEIM

    Programslepp: 1. september.

     

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017