img 9337
    Publikumstal på Litteratursymposiet i Odda 2014



    Litteratursymposiet i Odda 2014 er historie. Det var magiske dagar i vår vesle by.

    6450 besøkande fann vegen til Litteratursymposiets arrangement i 2014. Mest imponerande var kanskje dei store mengdene som trassa regnet og gjekk vandringane Bikubegang og Smelteverket rundt på 100 minutt.

    Over fem dagar i oktober vart det arrangert 57 opne arrangement, i tillegg kjem forfattarbesøka og forestillingane for born og unge i skule og barnehagar i Odda og Ullensvang. 

    Besøkstala er noko lågare enn tidlegare år, i fjor landa besøkstala på 6700 besøkande, men vi er likevel svært nøgd med opptellinga og dagane. Antall arrangement er noko redusert frå tidegare år.

    Det gledelege er å sjå at publikum finn vegen både til mindre arrangement og scener og til dei store arrangementa, som t.d. bestillingsverket FINN-ERIX VEGGEN, som leverte ei forrykande forestilling for 450 tilskodarar i eit fullsett Lindehus laurdags kvelden.

    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017