TYSSEDALKORET

Ein kald januarkveld 1979 fann nokre damer frå Tyssedal damekor og nokre menn frå Tyssedal mannskor ut at det måtte to kjønn til for å skape et godt sangkor. Dei varma kvarandre (verbalt), fekk eit barn og namnet på barnet vart Tyssedalkoret!

Tyssedalkoret har delt scene med fleire av landets kjende artistar. Dei har opptredd for både statsministrar og andre ministrar frå inn- og utland, dei har opptredd for dronning Sonja og Kronprinsparet. Dei har holde konsert i Den Norske sjømannskirka i London, i den mektige Stefansdomen i Wien og i Praha.

Tyssedalkoret syng alt frå folketonar, Bach, Beatles, Abba, Blues og Godspel til tradisjonelle julesongar. Til 25-årsjubileet i 2004 fekk dei laga eit bestillingsverk om Odda og Tyssedal si historie med tittelen “Arven”, ei forestilling som óg vart gitt ut på dvd. Dei var sterkt medverkande på Skål Odda-opsetjinga, og har i ei årrekkje sunge på opningsforestillinga til Litteratursymposiet.  

Dirigent er Eldbjørg Furholt.
 

Tidligere program

TYSSEDALKORET

Katalog 2016

 

Katalog 2016