TRIO CEES

Trio Cees er eit band som hyller Cornelis "Cees" Vreeswijk og hans fantastiske produksjon av viser, balladar, og "oförskämdheter". Den såre stemma, gitarspel av ymse kvalitet og poetiske tekstar gjorde Cornelis til eit ikon i dei skandinaviske landa. Frå debutalbumet i 1964 og fram til hans alt for tidlege død i 1987, komponerte han over 500 viser. Hans musikalske arv lever vidare, over 20 år etter hans død. Hausten 2010 kom kinofilmen ”Cornelis” som forhåpentlegvis gjorde legenda Cornelis Vreeswijk kjend for nye generasjonar.

Trio Cees består av: Petter Tronstad på gitar og vokal, Harald Kvamsdal på store og små gitarar og Harald Molven på bass.

 

Tidligere program

TRIO CEES

Katalog 2018

 

Katalog 2018