TORMOD HAUGLAND

Tormod Haugland (fødd 1964, frå Bøvågen) er ein norsk forfattar og skrivelærar.

Haugland debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk.

Han har utgitt kortromanar i ein minimalistisk, ordknapp stil: Under (1994), Varmare (1995) og Heller (1997), diktsamlinga På øya (1998), novellesamlinga Orden (1999), To stykke (skodespel, 2002), samt romanane Verd (2000), Inkarnasjon (2004, ein ironisk og underfundig roman om en forfatter med skrivesperre, om forleggarar og kulturarbeidarar), I den sjette verda (2005), No mar (2006) og Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010). Ei samling med blanda tekstar, Orm, ugla og and. Prosa obskura, kom i 2008.

Hausten 2015 gav han ut romanen Mørk materie, som fekk god mottaking av kritikarane.

Ved sida sitt eige forfattarskap har han i ei årrekkje vore knytt til Skrivekunstakademiet i Bergen, som leiar i 10 år, og sidan 2008 som skrivelærar.

 

Program 2017

TORMOD HAUGLAND

Katalog 2017

 

Katalog 2017