TOM EGELAND

Tom Egeland vart fødd i 1959 i Oslo. Han har ei lang journalistiske karriere bak seg, men har sidan 2006 arbeida som fulltidsforfattar.

Tom Egeland debuterte i 1988 med grøssaren Stien mot fortiden, om eit moderne par som vert fanga i norsk vikingtid. I 1993 gav han ut grøssaren Skyggelandet, og i 1997 kom mediethrilleren Trollspeilet.

Publikumsgjennombrotet kom med boka Sirkelens ende (2001), om funnet av eit gullskrin med eit 2000 år gamalt manuskript som vil endra vår forståing av Jesus og kristendomen. Seinare har det både bokmeldarar og lesarar peikt på store tematiske likheter med den internasjonale bestselgaren Da Vinci koden frå 2003, altså to år seinare.

Etter Sirkelens ende skrev Egeland den parapsykologiske kriminalromanen Åndebrettet (2004). Thrilleren Ulvenatten (2005) - om tsjetsjenske terrorister som kupper eit direktesendt norsk tv-program – har blitt spelefilm og tv-serie. Egeland skreiv sjølv manus til filmen og tv-serien.

I 2007 gav han ut to bøker: Barnebokdebuten Piken i speilet og spenningsromanen Paktens voktere, ei frittståande fortsetting av Sirkelens ende. I 2009 gav Egeland ut den tredje romanen om: Lucifers evangelium og i 2012 kom Nostradamus testamente, den fjerde boka om Bjørn Beltø.

I 2010 kom Fedrenes løgner, hans første bok som ikkje var krim- eller spenningsroman. Fedrenes løgner er en frittståande, skjønnlitterær roman om fire generasjonar menn.

Egeland fekk Rivertonprisen i 2009 for Lucifers evangelium. Bøkene hans er omsett til 20 språk.
 

Tidligere program

TOM EGELAND

Katalog 2018

 

Katalog 2018