TIEBREAKER

Ingen kompromiss, klar tale, blod og sjel. I løpet av nokre få år har unge Tiebreaker skutt til toppsjiktet av norsk rock & roll, i hard tru på dette mantraet. Oppvaksne i fjorden Gud gløymde, mellom massiv natur og tungindustri.

Tiebreaker kombinerer hard melodisk riffing og desperat klagesong med nerva frå 2000-tals rock & roll og tidleg garasje-rock, inspirert av blant andre My Midnight Creeps og The Hellacopters. I live-samanheng er bandet kjend for å ha ei særs hemningslaus, illsint live-nerve som tar ein tilbake til MC5. 

Tiebreaker vart skipa i midten av 2011. Bandet slapp sin selvtitulerte debut-EP i 2012, og fekk fort følgjarar gjennom sporadisk turnering i Noreg. I 2013 byrja ting å skje for alvor då bandet reiste til Texas og SXSW, der dei spelte 11 uoffisielle konsertar på 9 dagar i Austin. Bandet gjentok suksessen i Austin i 2014.

I oktober 2014 slapp bandet sin fyrste fullengdar, ”We Come From The Mountains”, etterfulgt av hard turnering i Norge. Etter ein lang klubb-turné leverte bandet fleire kritikarroste konsertar på landets største festivalar, blant anna Hovefestivalen, Bergenfest og Utkantfestivalen. Bandet vart også invitert med på ein 3 veker lang norges-turné av legendene i Enslaved, og la våren 2016 ut på ein 40 dagars Europa-turné. Hausten 2015 flytta bandet inn i ei lita hytte på vestlandet for å skrive nytt album. Albumet ”Death Tunes” vart spelt inn i Oslo i desember 2015 med produsent Bjarte Lund Rolland (Kvelertak), og vert utgjeve 21. oktober på Karisma Records.

Tidligere program

TIEBREAKER

Katalog 2018

 

Katalog 2018