SVERRE TUSVIK

Sverre Tusvik (fødd 1945 i Høyanger), busett i Oslo, var tidl. sjefsredaktør i Det Norske Samlaget.

Han var tilsett i Det ­Norske Samlaget frå 1976, som skulebok­redaktør og skriftstyrar i Syn og Segn, redaktør og redaksjonssjef i skjønnlitterær seksjon, og frå 1999 sjefredaktør i fagbokseksjonen. Han er no ein aktiv pensjonist.

Tusvik står bak ei rekkje utgjevingar, som redaktør og bidragsytar, særleg biografiar, kulturhistorie, humor, praktbøker. Han var forlagsredaktør då Olav H. Hauge valde å gi ut bøkene sine på Samlaget. Han har og vore redaktør for Knut Olav Åmås sin biografi om diktaren.
 

Tidligere program

SVERRE TUSVIK
Foto: Tove K. Breistein

Katalog 2018

 

Katalog 2018