SVEIN ROGER KARLSEN

Svein Roger Karlsen (fødd 1960 på Sunndalsøra) er ein norsk skodespelar. Han spela rolla som Harry Lund, Gjennomsnittsmannen, i Det Norske Teater sin versjon av Bikubesong.  

Karlsen debuterte i 1985 på Riksteatret i Holbergs Jean de France. I  1986–88 og 1990–95 var han ved Teatret Vårt, der han m.a. spelte tittelrollene i Peer Gynt og i Utlendingen av Larry Shue. Han var ved Trøndelag Teater 1989–90, kor han spelte Clov i Becketts Sluttspill og Marco i Frakt under havet av Arthur Miller. I 1994 var han Erlend i maratonoppsetningen av Kristin Lavransdatter i Nidarosdomen, til Henning Sommerros musikk.

Frå 1996 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret, kor han m.a. har spilt Menelaos i Ifigenia i Aulisav Evripides, og i ei årrekkje sto på scena som gjennomsnittsmannen Harry Lund i Bikubesong. Han var med då Det Norske Teater gjesta Odda med forestillingen.

Han har medverka i ei rekkje filmar, m.a. den mannlige hovudrolla i Nils Gaup sin film Hodet over vannet (1993) og som faren i Aldri mer 13 (1996). Karlsen hadde tittelrollene i filmane om Kaptein Sabeltann (2000, 2002).
 

 

Tidligere program

SVEIN ROGER KARLSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018