RUNE CHRISTIANSEN

Rune Christiansen (fødd 1963) er ein norsk poet og romanforfattar, oppvaksen i Bærum. Christiansen debuterte i 1986 med diktsamlinga Hvis toget forlater havet, og har sidan utmerka seg som ein særeigen forfattar med eit eige, svært kjenslevart språk. Blant romanane kan nevnast Fraværet av musikk (2007) og Ensomheten i Lydia Ernemans liv (2014). Sistnevnte vart tildelt Brageprisen, og bøkene til Christiansen har blitt belønna med svært mange prisar og begeistra kritikarar.
Seinaste roman er Fanny og mysteriet i den sørgende skogen frå 2017, og i år er han ute med diktsamlinga Jeg uttrykker meg feilaktig om årstidene eller De små epistlene som fikk den storslagne tittelen Det gyldne skinnet. Christiansen arbeider også som dagleg leiar på Forfatterstudiet i Bø.
 
RUNE CHRISTIANSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018