RUNE BELSVIK

Rune Belsvik (fødd) er ein norsk forfattar, og blant dei mest markante skikkelser i norsk barne- og ungdomslitteratur i de senere år. Han har gitt ut ei rekkje bøker, både fortellingar, romanar, noveller og skodespel, for born, ungdom og vaksne.

Debutboka Ingen drittunge lenger (1979) utløste foreldreprotester då den gjekk som opplesingsserie i NRK. Av seinere utgjevingar kan nemnast Kram snø (1981), Guten som blir borte (1986), Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine (1987) og Eit hus fullt av mørker (1990). Den unge guttens oppvaknande seksualitet er eit hovudtema, m.a i dei fire bøkene om Arne Bu – Alle dei fine jentene (1988), Kjærleiken er eit filmtriks (1992), På nippet (1995) og Ein naken gut (2000, Brageprisen).

Serien om Dustefjerten (første bok kom i 1991, den sjette og hittil siste i 2003) er vittige og originale nonsensfortelljingar med dyre- og fantasivesen i hovedrolla, skrive for born, men morosom lesing og for vaksne. Dei har blitt populære gjennom opplesing i radio. Det er og laget barneopera basert på Dustefjerten-bøkene. Humor og en sprelsk form er gjennomgåande trekk i denne serien, medan melankolien er tydelegare i Verdas mest forelska par – ei forteljing frå Bløygen (2001) og Tøddel Blisterplytt – ei anna forteljing frå Bløygen (2005). Tjuven (2008) vakte merksemd med temaet små barns seksualitet.

Belsviks forfatterskapet for vaksne omfatter m.a. novellesamlinga Sirkushestar og kaniner (1985), skodespelet Stryk meg, stryk meg (1993) og romanane Guten sin (1989), Utslett (1994), Kommoden (2007), Ho som var så søt (2012) og årets Ein heilt vanlig fyr.

Belsvik har og skrive ei rekkje bøker for amatørteater. Han har foruten Brageprisen mottatt ei rekke litterære prisar.

Tidligere program

RUNE BELSVIK

Katalog 2018

 

Katalog 2018