RØNNHAUG KLEIVA

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre.

Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk – i tillegg til at Kleiva er med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk. Ho er òg representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule.

Hennar litterære produksjon er omfattande og rommer alt frå romanar, prosa, novellesamlingar, biletbøker, reiselitteratur, ungdomsromar m.m.
RØNNHAUG KLEIVA

Katalog 2018

 

Katalog 2018