QUEST

Andreas Barth (perkusjon, elektronikk)
Erik Fooladi  (perkusjon)
Geir Hjorthol (trompet, elektronikk, vokal)
Torleif Sagstad (gitar, elektronikk)
 
Quest er eit band som hentar impulsar frå fleire kantar: improjazz, rock og folkemusikk. Eit kjenneteikn ved musikken er kombinasjonen av pulserande groovar, opne lydlandskap med skiftande stemningar og vakre melodiske linjer. Akustikk blir kombinert med elektronikk gjennom live sampling og fri improvisasjon. Første plata til Quest (Rom) kom ut i 2005 og fekk svært gode kritikkar. No er endeleg ei ny utgiving i kjømda.
 
Quest har samarbeidd mykje med utøvarar innanfor andre uttrykksformer: biletkunst, vokalmusikk, dans og litteratur. Bandet har ved fleire høve samarbeidd med Lars Amund Vaage, m.a. på Dei nynorske festspela i Ørsta. No blir det eit nytt møte, i Odda.

Tidligere program

QUEST

Katalog 2018

 

Katalog 2018