OLAUG NILSSEN

Olaug Nilssen (f. 1977) kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen. Ei tid var ho busett i Odda, og er no ein del av det utvida Oddaforfattar-begrepet. Ho er forfattar, dramatikar og skribent, og har markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur.

Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho m.a. vore redaktør i Kraftsentrum (i lag med Gunhild Øyehaug), leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen 2008-2010, Festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006 og gjeve ut bøker i ulike sjangrar. Særleg kjend er romanen Få meg på, for faen som både har blitt film og teater. I 2012 kom Kjøkenbenkrealisme - Ærlege historier om tidsklemma, i  2009 vart ho Nesten frelst av Sigvart Dagsland (biografi). 

I dei siste åra har Nilssen skrive mykje for teater, seinast med forestillinga Stort og stygt, Nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets hundreårsjubileum, som hausta strålande kritikkar i pressa. Det Norske Teater har og sett opp Få meg på for faen og Vi har så korte armar. Teaterstykket Skyfri himmel oppnådde stor suksess ved Rogaland Teater i 2006 (tekst Olaug Nilssen/sanger Bjørn Eidsvåg).

I haust gjev ho ut romanen Tung tids tale, ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?
 
OLAUG NILSSEN
Foto: Bent R. Synnevåg

Katalog 2017

 

Katalog 2017