OLA BØ

Ola Bø blei fødd i Kristiansand 1. september 1948. Under utdanning til cand.mag. ved Universitetet i Bergen var han med på å etablere og drive den frie teatergruppa Nordahl Grieg-teatret 1977–81. Han var programmedarbeidar i NRK 1981–82, dagleg leiar i plateselskapet På Norsk frå skipinga i 1982 til 1985 og programmedarbeidar i NRK P2 1985–90. Sidan 1991 har han vore dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret. Her har han mellom anna omsett både teaterstykke og musikalar og har lagt ei rekkje verk til rette for teaterscena. Bø var leiar i Noregs Mållag 1984–86. Han var blant dei fremste i arbeidet med å utvikle og realisere planane om Ivar Aasen-tunet 1990–2000, og han var medlem i Norsk kulturråd 1997–2004.
 
OLA BØ

Katalog 2017

 

Katalog 2017