NOVGOROD

“Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår. men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.” - Journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk

Det er på tide at nokon leverer musikken som dufter av solbelyste tømmerveggar og syder av tjern og myr. Det er på tide at nokon gjev oss musikken frå låge trebyar ved Østersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidas nye lavblokker. Nokon må no kome med den fyrrige musikken som rant ut frå cabaretlokalet, som flaut opp frå dansebanen ved elva, og valsane, verdas vakraste…

Novgorod vil henta fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!

Novgorod består av Gabriel Fliflet (trekkspill, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).

Gabriel Fliflet vaks opp til lyden av svensk, finsk og norsk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i  2011. Mange kjenner han frå samvirke med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre som har turnert omfattende sidan 1991, hausta lovord blant kritikarane og publikum. Eller frå samvirka med Kari Bremnes, Knut Reiersrud og Jan Eggum. I denne samanhengen auser han av si kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynermusikk med meir.

David Vogt og Jørgen Sandvik har spele saman frå dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterhvert fekk sin eigen, fengande pop-stil med impulser frå eit utall etniske tradisjonar. Dei fekk Bylarmprisen i 2007, Spellemannsprisen i 2009 og i 2013.

Prisløna Kristoffer Vogt har spelt med Kaizers Orchestra og Nathalie Nordnes. Deltek saman med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet m.a. i hans og Jon Fosse sitt verk Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik vart sentrale i Fliflets tingingsverk til Vossajazz 2013 - Valseria.

På ein konsert med Novgorod får du høyre deira originale tolkingar av nordsvensk swing (med kossakktrinn), lærerike songer på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill, hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valser. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song på eit utall språk…

Novgorod vart danna i 2003, og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, NattJazz, VossaJazz, Balkanfest, Finsejazz, Hardingtonar og Balejazz, Folkemusikklubben Columbi Egg, Riksscenen for folkemusikk og folkedans.


 

Program 2017

NOVGOROD

Katalog 2017

 

Katalog 2017