MÍMIR KRISTJÁNSSON

Mímir Kristjánsson (fødd 1986 i Stavanger) er journalist og forfattar. 

Han har vore aktiv i partiet Raudt og redaktør for Manifest Tidsskrift. Han arbeider som journalist og nyheitsleiar i Klassekampen. 

Hausten 2011 gav Kristjansson ut boka «De superrike», om dei som pendlar til jobben i helikopter, svir av millionar av kroner kvar gong dei skal feire sin eigen bursdag og har romerske dampbad i husa sine. 

Han har òg gitt ut «Slik blir du superrik», om då han satsa 20 000 kroner han hadde fått i stipend på børsen, for å vise at ein kvar idiot kunne bli rik på børsen med litt flaks. Vi følgjer utviklinga i den ferske aksjeporteføljen på ein humoristisk berg- og dalbanetur.

I 2016 gav han ut boka «Frihet, likhet, Island», om ein liten mann si 30-årskrise og eit lite land si finanskrise: “Bak askeskyen fra Eyjafjallajökull lever et folk som har skrevet verdens største sagaer, men som trenger en egen app for å hindre søskenbarnekteskap. Et folk som er i ferd med å legge ned landet sitt og flytte til Norge. Mímir Kristjánsson flytter den andre veien.”
 
MÍMIR KRISTJÁNSSON

Katalog 2016

 

Katalog 2016