LINDA KLAKKEN

Linda Klakken (fødd 1979) er ein norsk forfattar og journalist frå Ålesund, som bur i Oslo.

I 2010 gav ho ut Den siste beatpoeten, basert på hennar møte med beatpoeten Lawrence Ferlinghetti. Boka er óg ein hyllest til Jón Sveinbjørn Jónsson, den norske forfattaren Klakken meiner sto Ferlinghetti nærast.

Diktsamlinga Mamma, kone, slave vart lagt merke til då ho kom ut hausten 2013. Her er dikt om livet i den lesbiske kjernefamilien, eit kampskrift og ein kjærleeikserklæring for skeive småbarnsmødre. Hennar andre diktsamling, Skriv ferdig boka om livet ditt, kom våren 2014.

Linda Klakken er tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har publisert tekstar i Dagbladet, Klassekampen, Bokmagasinet, Spelemannsbladet og Vinduet.
I 2009 stod ho bak Bokløftet 09, ein litterær innsamlingsaksjon til kreftsaka. Ho har tidlegare jobba som litteraturkritikar i gratisavisa Natt & Dag. Klakken er no kulturjournalist i Klassekampen.

Tidligere program

LINDA KLAKKEN
Foto: Heidi Furre

Katalog 2018

 

Katalog 2018