LENA ANDERSSON

Lena Andersson (fødd i 1970) er ein svensk prisbeløna forfattar frå Tensta utanfor Stockholm. Andersson debuterte i 1999 med romanen Var det bra så?, som omhandla innvandrarmiljø i forstads-Sverige og skapte samfunnsdebatt då den kom ut. Sidan har ho skrive ei rekke skjønnlitterære bøker. Andersson har gjort stor suksess også i Norge, særskilt med dei to bøkene om poeten Ester Nilsson og den ikkje gjengjeldte kjærleiken; Rettsstridig forføyning (2013) og Uten personlig ansvar (2014). For Rettsstridig forføyning vart ho tildelt den høgthengande Augustprisen. Bøkene hennar er blitt omsette til fleire språk. I tillegg til skjønnlitterære bøker har Lena Andersson gjort seg bemerka som kritikar og kronikør i svensk dagspresse, og ho har i ei årrekke vore programleiar i Sveriges Radio.
 

Program 2018

LENA ANDERSSON
Foto: Ulla Montan

Katalog 2018

 

Katalog 2018