KJETIL SÆTER

Kjetil Sæter (fødd 1974) har vore journalist i Aftenposten, Finansavisen og er no i Dagens Næringsliv. 

Han er utdanna journalist ved Høgskolen i Oslo og har ein master i Midtøsten-kunnskap frå Universitet i Oslo. For sitt arbeid har han mellom anna fått SKUP-prisen (2011) og to SKUP-diplom (2007 og 2010). Han fekk Schibsteds journalistpris i 2008 og har tidlegare gjeve ut den kritikarroste boka «Svindel uten grenser». 

Sæter er i år aktuell med boka «Thunder», eit samarbeid med Eskil Engdal. Boka tek for seg organisert miljøkriminalitet, piratfiske i Antarktis og jakta på det verdskjende piratskipet «Thunder» i verdas mest værutsette områder.

 

Program 2017

KJETIL SÆTER

Katalog 2017

 

Katalog 2017