KASPAR COLLING NIELSEN

Kaspar Colling Nielsen (fødd 1974) er ein dansk forfattar frå København. Han debuterte med Mount København, ei samling fortjelingar, i 2010. For den vart han belønna med Årets Debutantpris i Danmark. Gjennombrotet kom med Den danske borgerkrig 2018-2024, som omhandlar ein økonomisk motivert borgerkrig i Danmark, og som også har fått mykje merksemd i Norge. I år er tredjeboka, Den europeiske våren, ute i norsk omsetjing.
Colling Nielsen sin forfattarskap har vunne mange prisar, og krinsar om filosofiske, eksistensielle og vitskaplege spørsmål. Særskilt spørsmål om vald, opprør, sivilisasjonsundergang og framtidsdystopi, og bøkene har klåre trekk frå både science fiction og satire. Han har utdanning frå Copenhagen Business School, kor han også arbeider som ekstern lektor. Colling Nielsen skriv også manuskript til film og TV. Han besøker Litteratursymposiet for første gong.
 
KASPAR COLLING NIELSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018